Atrå kyrkje

Om Atrå kyrkje:

Olav Andreas Hvalen:

Gamle stadnamn og gardsnamn kan ofte gje oss historiske opplysningar. På andre sida av elva Gjøyst ligg gardane Ulleren og Hovshus. Ulleren er kanskje det eldste gardsnamnet i Tinn - frå omlag 500 f.Kr. Namnet kjem av guden Ullr og vin = grasslette. Hovshus som er nabogarden tyder på at her sto hovet der Ullr blei tilbeden. Eit anna gamalt gardsnamn her i Atrå er Mårem – heimen ved Mår. Namnet er omlag 2000 år gamalt. Her blei det i 1958 funne ei høvdinggrav frå vikingtida med rikt innhald. M.a. blei det funne tre glasperler som stamma frå Miklagard  = Konstantinopel. Dette er eit godt døme på at tinndølane søkte ut den gongen også. Ser vi på Noregshistoria, veit vi at Magnus Erlingson var konge i Noreg frå 1161 -1184. Magnus vart krona og salva av Erkebiskopen og fekk på den måten Guds rett til trona. Kyrkjemakt og kongemakt samarbeidde godt. Folket blei pålagde å betale tiende for å finansiere kyrkjebygg og presteskap.

Det er i denne tida at Tinn får si fyrste kyrkje. Sagnet seier at ho fyrst blei reist på Storebrot, her var det også ekseserplass – sølaterolla. Seinare også dyrskuplass. Vi har runeinnskrift som seier oss nokså nøyaktig når kyrkja blei reist. Innskrifta seier at kyrkja blei vigd av biskop Ragnar frå Hamar rundt 1180. Vi har kopi av desserunene i våpenhuset. Seinare blei kyrkja flytt opp til Lislandjordet like ved der nykyrkja står i dag. Det er sagt at kyrkjeskipet var 10-11 m langt, så noko stort bygg var det ikkje. Det var ganske mørkt inne i kyrkja og kyrkjelyden måtte stå under gudstenesta. Vi må tru at det var dekorert med bilder av Maria og apostlane, lysestakar og etterkvart lysekrone, også alterkalkar til bruk i den katolske gudstenesta. Etter reformasjonen blei nok mykje av pynten fjerna av dei lutherske prestane. Kyrkjestaden var der folk møttes til gudsteneste, dåp, konfirmasjon, giftarmål og til den siste kvilestaden på kyrkjegarden. På kyrkjebakken fekk dei og høyre nytt og der var også lensmannen med sine kunngjeringar.

Nokre av prestane sette nok også større spor etter seg enn andre. Ein av dei var Peder Fredrikson Green. Han kom til Tinn i 1692 og var her til han døydde i 1726. Om han er det sagt at han var strilynd, myndig og vørdlaus. På tur frå prestegarden her i Atrå til gudsteneste i Hovin anex forliste pråmen på Tinnsjøen. Begge rorskarane drukna. Presten fekk kara seg iland ved ei ur der han sat i 3 døgn før han blei berga. -  Prestura.


Det gjekk også mange skrømtehistoriar etter at han var død. Folk var redde og enka likeså. Ho fann derfor ut at ho ville gje ei fin gåve til kyrkja slik at mannen hennar kunne få fred i grava. Ho sauma eigenhendig ein fin raud altarduk - antependium. Det var to monogram i gull på duken, øvst sto det I H S (Jesus menneske frelsaren). Under sto forbokstavane til Mette og Peder Green. Duken er i bruk framleis.

Som alle bygg måtte også stavkyrkja haldast vedlike. Etter kvart blei det så forsømt at det blei påpeika i visitasprotokollar. På gamle teikningar av kyrkja ser ein at ho måtte støttast opp. I 1825 gjorde dåverande sokneprest i Tinn, Hans Heyerdal opptakt til at bygda måtte få ei ny og større kyrkje. Komite blei nedsett og den rådde til at soknet måtte koste ny kyrkje. Aller helst ville dei ha ei korskyrkje (kort tømmer). Kyrkjedepartementet bestemte likevel at det skulle vera langkyrkje og ba arkitekt Linstow utarbeide teikningar. Dei blei godkjende i 1828.  Sjølve byggearbeidet starta ikkje før 1833.

Murarbeidet var da unnagjort og utført av lokale handverkarar. Sjølve bygginga blei bortsett til folk frå Gjerpen , dei kunne skøyte tømmerstokkar. Snikkar og målararbeidet varde til august 1836. Det var lensmann Hans Anfindsen som førde rekneskapen for bygginga og det finst i statsarkivet på Kongsberg.

Det var stor stas i Atrå 4. september 1836. Nykyrkja kunne innviast og takast i bruk. Soknepresten i Tinn den gong, Søren Schive, framførde dette ønskje for nykyrkja: «Måtte Herrens velsignelse hvile over dette vakre tempel og over alle dem der samles i samme til Herrens tilbedelse og dyrkelse.»

 

Sjølve kyrkjebygget er i empirstil, ein enkel stilart med søyler, sml.slottet i Oslo. Det er gjort ein del forandringar frå 1836 og til i dag. Sidegalleria er tatt vekk. Taket blei inndelt i felt. Dåpssakristi blei blei bygd til på austsida. Altertavla kom i 1908og er måla av Lars Osa (kopi Eilef Pettersen Kr.sand). Orgelet er frå 1924.  Rundt 1950 kom tanken om rosemåling av kyrkja fram. Soknerådet fremja saka, men riksantikvaren sa nei. Soknerådet gav seg ikkje og tok kontakt med den kjende rosemålaren Øystein Orekåse frå Austbygde. Han sa ja og fekk frie tøyler til å dekorere kyrkja innvendig. Kyrkja var heilt stengd i omlag eitt år til ho var ferdig i 1952. Stor festgudsteneste 13.april1952. Resultatet kan vi sjå rundt oss i dag og dei fleste er enige i at rosene har gjort Atrå kyrkje vakker.  Vi som brukar henne er glade for arven etter Øystein Orekåse.

Kyrkjestaden har vore ein samlingsplass for folk i snart 850 år. Tidene har skifta og nye slekter har kome til. Guds Ord har lydd og lyder framleis.  

Jesus sa til sine: «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar. Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halde alt det som eg har bode dykk. Og sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

 

«Ting»  frå stavkyrkja: Lysekrone, antependium, skriftestol, preikestol, gamalt skåp, takbord, utvendige portalar, portalar også i Oldsakssamlinga i Oslo.

 

Kilde: Olav Andreas Hvalen


Kirkeklokkene:

Kyrkja har to klokker fra den gamle stavkyrkja. Den yngste av dem har en datering på 1802.  Den har nyklassisistisk dekor, nærmere bestemt Louis-Seize, noe man ser på den nette guirlanderen som omslynger klokken og frisen som løper øverst.  Støperen er sannsynligvis Erik Schmidt, som støpte klokker i Christiania (Oslo).

Om den eldste av klokkene forteller Terje de Groot – som har middelalderklokker som spesialfelt:

«Den er omkring 55 cm høy og 47 cm i diameter. Støperen er ukjent. Et latinsk kors finnes på corpus, det tangerer den øverste rundstaven på slagringen.

Klokken er av senromansk "sukkertopp"-type. Slagringens underside (som skråner nedover) forteller oss at klokken er blant de eldste i denne kategorien. Dette trekket peker mot 1100-tallet. Samtidig viser utformingen av kronen at den likevel ikke kan plasseres blant de aller eldste av sitt slag. En datering til omkring 1200 er derfor trolig. Mangelen på daterbare innskrifter og utsmykning gjør en nærmere datering vanskelig.»

Det var opprinnelig én klokke til av samme slag, men den er blitt borte.

I 1925 fikk kirken en ny stor klokke som gave fra A/S Rjukanfoss . Den er laget av Nauen klokkestøperi i Tønsberg og har følgende inskripsjon: 

«Med ein høg og heilag klang kallar eg til kyrkjegang».

Kilder: Terje de Groot

Heftet «Atrå kyrkje. 150 års jubileum»

Kristin Fæhn


Hva "norsk-kirkebygg.origo.no" skriver om Atrå kyrkje:

 

Kirkestedet Atrå (nord for Tinnsjø) går tilbake til middelalderen. Dagens Atrå kirke avløste en stavkirke fra 1100-tallet hvis portal er å se i Universtetets oldsaksamling (Kulturhistorisk museum) den dag i dag — se bilde nedenfor. På museet finnes også planker med runeinskripsjoner fra stavkirken. Litt utpå 1800-tallet var stavkirken for liten og dessuten i dårlig stand, og det ble i 1825 søkt om å få erstatte den med en korskirke. Da dette ble avvist, avventet man Linstows mønstertegninger, som ble levert noe forsinket i 1827. Disse viste en laftet, upanelt langkirke i empirestil, men de vakte noe misnøye hos byggekomiteen og sognepresten, som mente at den ville bli for liten, og at vinduene svekket konstruksjonen. Dessuten manglet lokal kunnskap om skjøting av laftetømmer. For øvrig var bindingsverk ukjent på det tidspunktet, så man ville lafte tårnet. Prosessen trakk ut, Linstow korrigerte tegningene, som ble utgitt i bokform sammen med andre kirketegninger, og i Atrå fikk man tak i byggmesterne Christen Aslachsen Rustan (eller Rugstad) og Christen Andersen Stensaas fra Skien. Kirken ble oppført i 1833-34, og den ble innviet den 4. september 1836.

Vi snakker altså om en laftet langkirke. Den har vesttårn, rektangulært skip og kor i øst (eller øst-sørøst), og antall sitteplasser oppgis til 300. 

Det har vært gjort enkelte endringer. I 1895 ble gangen bak alteret fjernet. I 1908 ble interiør og inventar betydelig endret under ledelse av Haldor Børve. Sidegalleriene ble fjernet, himlingen ble kledd med strie og inndelt i felt, galleribrystningen fikk lister som delte den i felt, kirken fikk nye benker, og den fikk altertavle der det tidligere hadde vært brukt et kors. I 1922-24 fikk kirken et sakristitilbygg i forlengelsen av koret, og det tidligere sakristiet sør for koret ble omgjort til orgelhus. Det var ny oppussingsrunde i 1951-52, der blant annet prekestolen ble rosemalt av Øystein Orekås, visstnok mot Riksantikvarens vilje. Kirken er formmessig og til dels overflatemessig preget av empire, men altså med innslag av telemarksk rosemaling, en kombinasjon de fleste finner kledelig i dag. 

Altertavlen fra 1908 har et bilde av måltidet i Emmaus (jf. Luk. 24) som er malt av Lars Osa etter Eilif Peterssens altertavle i Kristiansand domkirke. Prekestolen er i utgangspunktet i empirestil, men har altså blitt rosemalt på 1950-tallet. Det skal også finnes en prekestol (samt enkelte andre gjenstander) fra stavkirken i sakristiet. Døpefonten er på alder med kirken. Kirken sies å ha et Jørgensen-orgel, og av de tre kirkeklokkene er to overført fra stavkirken, mens den tredje ble støpt i 1925.

Kirken er omgitt av sin kirkegård. Sørvest for kirken står et hus som formodentlig er bårehus.

Kirkehistorisk kan det tilføyes at Atrå i sin tid var hovedsogn i Tinn prestegjeld, og at presten bodde der. Tinn prestegård er like over veien fra kirken, men dagens våningshus er fra 1970-tallet. I 1948 ble Rjukan med Dal skilt ut som eget prestegjeld. Den som vil søke i lokale kirkebøker, kan gjøre det her.

Det var bispevisitas i Tinn i mars 2014.

Kilde: Norsk kirkebygg