Ramskardåsen

Odd Knævelsrud heitte ein ung mann frå Rjukan som var teologistudent i Oslo da Tyskland angreip Norge i april 1940. Han har skrive ei grundig skildring av det han opplevde frå 8. april til 2. mai 1940. Om formiddagen den 9. april tok han toget frå Oslo til Kongsberg der han meldte seg som frivillig på Heistadmoen. Her fekk han beskjed om å reise vidare til Rjukan og melde seg til teneste der. Her fekk han uniform, ammunisjon og våpen, og saman med mange andre unge menn blei han frakta med buss til Dølehalle i Austbygde. Fyrst blir han sendt til Mårem i Atrå. Der er det plassert sprengstoff under brua, og ei leidning fører frå ladningen og opp til den næraste låven. Der ligg Knævelsrud og fleire andre soldatar og ventar på dei tyske soldatane. Etter nokre dagar blir han og fleire andre frakta med buss til Espeset i Hovin. Brua over Skirva heiter Espeset bru, og det er her dei norske soldatane skal stoppe dei tyske styrkane som er på veg for å okkupere Rjukan. Dagen etter er Knævelsrud med i ei gruppe på ti mann som skal gå på ski frå Steinsrud til Ramskardåsen. Tyskarane har oppdaga Gamlevegen, og dei norske skal liggje og vente på dei på toppen av Ramskardåsen.

Allereie neste dag kjem det tyske angepet. Knævelsrud ligg med maskingeværet oppe i ein fjellknaus på austsida av vegen, og rett ned for han er det ei mitraljøse og fleire soldatar. På vestsida av vegen ligg det også tre mann med eit maskingevær. Så ser dei tyske soldatar mellom trestammene, og eit inferno av skyting bryt ut. Mange av tyskarane blir drepne, mange blir såra og ligg i snøen og skrik av smerte og ropar etter hjelp. Kulelene kvin i lufta. Det er uhyggeleg og dramatisk. Så dreg den tyske styrken seg tilbake. Det blir stille. Ein av dei norske har fått ei kule gjennom armen og må få forbinding. Alle dei andre er uskadde, utruleg nok. Etter kvart dreg også dei norske soldatane seg tilbake. Knævelsrud kjem bort frå dei andre, går seg vill og må overnatte i ei hytte. Dagen etter kjem han til slutt fram til Steinsrud, våt og sliten etter å ha baksa i våt vårsnø heile dagen. Her får han varme klede og eit godt måltid, og så blir han frakta ned til Austbygde på ein motorsykkel. Kamphandlinga på Ramskardåsen skjedde ein av dei siste dagane i april. Omtrent samtidig sprengde dei norske styrkane Espeset bru i lufta. Rjukan blei overgitt til tyskarane den 3. mai.

Tekst: Ragnar Dybdal    Kjelde: «Mandag 8.april…» skrevet av Odd Knævelsrud