Hovin kyrkje

I gamle soger og segn er Åsland den gamle kyrkjestaden i Hovin - høgda mellom Bakka og Hove.

Når den fyrste kyrkja vart bygd nede ved Jørisdal er uvisst, men det har i allefall stade ei kyrkje her før.

I 1730 skriv Joachim Schweder at denne kyrkja er i god stand og at ho nyleg er reparert.

Men i formanns- og representantskapsmøte 16. desember 1844 vart det avgjort at det skulle byggjast ny kyrkje i Hovin og at den gamle skulle rivast.

Folketalet i Hovin var stigande og det hadde i lengre tid vore eit sakn etter ei større og meir tenleg kyrkje.

Den nye kyrkja skulle byggjast etter kyrkjedepartementets "Udkast til Kirkebygninger paa Landet i Norge - til Veiledning for de Kirke-Eiere som uden Architects Hjelp ville opføre Kirker hensigtsmæssigen og med Oeconomie" frå 1829, som var ei samling mønsterteikningar av arkitekten Hans Ditlev Frants Linstow.

I 1843, året før, er og Gransherad i gang med å få bygd ny kyrkje.

Der vert det avgjort å bruke den same mønsterteikininga som seinare Hovin går inn for og byggmeister Halvor Andreas Olsen frå Kongsberg får oppdraget med bygginga. På formannskapsmøte i Tinn prestegard 29. oktober 1846 vert det vedteke å godta tilbod, frå same byggmeister, på å byggje Hovin kyrkje.

Soleis vart det at Gransherad og Hovin kyrkje nesten er like å sjå til.

Betalinga for alt mur- og trearbeid på Hovin kyrkje var 800 speciedalar.

Dei gamle kyrkjene i Gransherad og Hovin stod til dei nye var ferdig oppsette. 

I brev frå 31. mai 1850 fastset biskopen i Kristiansand, Jacob von der Lippe, vigslingsdatoen for Hovin kyrkje til torsdag 29. august same år. Han søkjer biskopen i Kristiania om å få bruke prestane i Heddal og Sauherad, som på den tida høyrde til Christiania Stift, fordi Aust-Telemark prosti ikkje hadde nok prestar til ei slik høgtideleg handling.

I brev frå 3. juni s.å. sa Armèkommandoen ifrå at "det fornødne militær" skulle møta fram ved kyrkja for å overhalda "orden og rolighed" ved innvigjinga. Dei stilde med to underoffiserar og 25 mann. Vidare stilde prestane frå Seljord, Tinn, Sauherad, Lårdal, Hjartdal og Heddal.

Hovin kyrkje er ei tømra langkyrkje med plass til omlag 250 menneskje. Over inngangen i våpenhuset, står det skrive fylgjande: "Denne Kirke er bekostet af Hovin Menighet og bygt af H. A. Olsen. Malet af John G. Gjøsdahl. Indviet af Stiftets Biskop den 29de August 1850". Kyrkja vart måla om i 1912 og fekk ny altartavle i 1921, måla av Harald Brun. I 1979-80 vart kyrkja restaurert tilbake til dei opphavelege fargane att. Den gamle altartavla vart og restaurert og den nye vart hengt opp på sudveggen i kyrkja.

Mykje av innventaret i kyrkja er gjeve som gåver gjenom tidene, mellom anna døypefont, brudestolar, lysekrone og orgel. 

Orglet er bygd av J.H. Jørgensen orgelfabrikk i Oslo i 1970 og har 8 stemmer. Kyrkja har to klokker i tårnet. Den minste er frå 1805 og den største er frå mellomalderen. Det blir ringt manuelt.

Ein minnestein vart reist på Hovin kyrkjegard over soldat Olaf Ellefsen som fall for fedrelandet under andre verdskrigen. Den vart avduka 11. august 1946.

Dei tre bygningane som høyrer til kyrkja, er med og dannar eit fint tun. Desse bygningane er kyrkjestogo, den gamle stallen og bårehuset.

Frå gamalt av høyrde Hovin sokn til Tinn prestegjeld. Men i 1859 vart Hovin og Gransherad slegne saman til eit prestegjeld. Gransherad vart då hovudsoknet, og Kyrkjevollen vart prestegard. Gransherad og Hovin prestegjeld vart oppløyst i 1986. Då vart Gransherad annekssokn til Heddal og Hovin vart lagt til Tinn att.

 

Knut Arne Snøås

Kjelda: "Hovin kyrkje 150 år" skrevet av Knut Arne Snøås. Utgitt av Hovin sokneråd i 2000. 

Kilde - bildet av Linstrows tegning : samling.nasjonalmuseet.no


Klokkene:

Som nevnt tidligere så er Hovin en av de kirkene i Telemark som har en kirkeklokke fra middelalderen.

«I tårnet heng det to klokker, og den største veg 150 kg. På denne klokka står det inga innskrift, men ho er truleg svært gamal. Den minste klokka veg ca 75 kg. På den står det: «STØBT AF ERICH SCHMIDT I CRISTIANIA 1805». Klokkene er ikkje store, men dei har ein svært fin klang.»

(Utdrag fra jubileumsskriftet for Hovin kyrkje 150 år)

Middelalderklokka er omkring 55 cm høy og 46,5 cm i diameter. Klokka har en uvanlig fremtoning, men utformingen av slagringen (med den kraftige rillen i overgangen til «kroppen») røper innflytelse fra den gotiske klokkeformen, som oppsto gradvis i løpet av 1300-tallet. Den sylindriske formen røper også et slektskap til andre klokker fra sin periode. Dermed kan man anta en datering til 1300-tallet.  (Kilde: Terje de Groot).

Kilde - Kristin Fæhn

Hovin kyrkje er ei tømra langkyrkje, som er bygd i 1850 av byggmester H.A.Olsen fra Kongsberg etter arkitekt Linstows typeteigningar. 


Altartavla, i hovedfeltet gul kross på mørkeblå botn og toppstykket Lammet med fana,(den seirende Kristus) stående på toppen av et fjell. På kvar side av tavla er det ein portal inn i alteret.


Orgelet er fra J.H. Jørgensen orgelfabrikk i Oslo fra 1970. Det har 8 stemmer fordelt på 2 manualer og pedal. 

Døypefont er utskåren i eik av Søren Nedrebø i 1950. Nedrebø har og lager brodestoler.

Maleriet Marias førebod er fra 1921 og malt av Harald Brun. Hovedfeltet er Marias førebod og på toppstykket himmel, skyer og englehovud.


Hovin kyrkje

I bygda vår ei kyrkje står, ved elva på ein mo.

Og tårnets topp, han peikar opp, mot Gud og evig ro.

 

Det står 'kje høgd på topp og tind, vårt gamle kyrkje hus.

Men i ei dal vi kyrkja finn,  med stille elvesus.

 

Og klokkeljomen fra vår borg, han stig mot himlen blå.

Han syng i glede og i sorg, når kolvane får slå.

 

At kyrkjer stend i nord og sud, er godt for sjeli vår.

Da får vi koma inn til Gud, og lækja vonde sår.

 

Nå er du 150 år, står støtt i mold og stein.

Du lyser for oss hvit og klår, og er for oss ein heim.

 

Knut Arne Snøås 

1. Messehakkelen fra 1800 tallet, den vart funne under restaureringen i kyrkja i 1974  

2. Epiotafium 

    Torkel Olevsøn er mit navn

     min lykke stå i gods hand

                           1636

Terkel Olevsøn egen bekostning