Gamle Heie skule

Gamle Heie skule sto ferdig til bruk 1 1886. I Hovin kommune var det hele sju skolekrinsar. Heie skulekrins var ein av dei største i utstrekningen. Bygningen er plassert omtrent midt i grenda like ved den gamle vegen fra Tinn til Kongsberg ved garden Omdalen. 

Tidlig på 1900-tallet bodde det folk på godt og vel 30 gårdsbruk og boplasser her på Heie. Ungene fra dei gardene som låg i Tinn gjekk også på denne skulen, og Tinn kommune betalte ei årleg avgift for dette til Hovin skulekasse. Nokre av elevane i denne skulekrinsen hadde ei lang og bratt skuleveg på berre gangstiar, for eksempel de som budde på gardane Lauviken, Hylland og Fagerberg. Elevene gikk inntil 2 timer en vei får å komme seg til skulen. 

Skulebygningen er svært lik dei andere skulane som blei bygde på 1880- og 90 talet. Det er eitt klasserom, kjøkken og eitt rom som læraren kunne bu i dersom det var aktuelt. I uthuset finst ein utedo som kan brukas også i dag. Lærarene her på Heie skule hadde også undervisning på skulen i Urdalsgrend mellom 1892 og 1906, deretter til sentraliseringen i 1958 deler Heie skule og Rudsgrend skule ei lærer skiftevis fem veker i gongen.

Skulen vart nedlagd i 1958. Heie skule er i dag skulemuseum.

Kilde: Skilt ved Gamle Heie skule

Ansvar for tilsyn og vedlikehald har Tinn Museum/Norsk Industriarbeidermuseum