Gamlevegen

Gamlevegen

Den gamle ferdselsvegen frå Tinn austover gjennom Hovin og vidare til Eiker og Drammensfjorden må ha vore i bruk heilt frå den gongen jordbruket blei etablert i Tinn. Dei fastbuande måtte skaffe seg ein del nødvendige varer, for eksempel salt, og da reiste dei til handelsstader nær kysten. Gamlevegen begynner i Austbygde sentrum og går på skrå opp åssida mot aust, på austsida av vatna Gjuvsjå og Hafoss, forbi gardane Stegarud og Omdalen, på vestsida av Heivatn, over Ramskardåsen og så nedover bakkane til Bruflot i Hovin som var den gamle brustaden over Skirva. Vidare opp til Bakka og så sørover forbi Sandvatn og Bolkesjå, gjennom Jondalen, Sandsvær, Eiker til handelsstader ved Drammensfjorden. I 1624 blei gruvebyen Kongsberg grunnlagt, og dette blei den nye handelsstaden for tinndølane. Ramskardåsen er det høgaste punktet på vegen, 680 moh. Den nye vegen frå Austbygde til Hovin, som var ferdig i 1935, kryssar gamlevegen sør for Hafoss. Elles er det stor avstand mellom dei to vegane.

Tekst: Ragnar Dybdal

Den gamle vegen mellom Tinn og Hovin har truleg vore ein gang- og rideveg fram til 1841 og fram mot 1900 blei den utvikla til ein slags kjerreveg (Hovinsoga) Den fyrste bilen på denne vegen var det godeigar cappelen som sto for rundt 1915, da han kjørte til Tinn. Han kom ikkje same vegen tilbake. Truleg tok han Tinnsjøferga. I 1923 blei det bygd 9 nye trebruer og i 1929 var døgntraffikken  opp mot 20 bilar i døgnet sumarstid. men det gjekk nok hardt ut over bilane å kjøre på denne vegen. Det vart pliktarbeid for bøndene på denne vegen.