Gamal kyrkjeveg til Atrå

Den gamle Kyrkjevegen mellom Tessungdalen til Atrå

Som ein del av vandringane mellom dei kvite kyrkjene rundt Tinnsjøen, var det også naturlig å ta med den gamle Kyrkjevegen frå Tessungdalen til Atrå kyrkje.

Turen gjekk 17. juni i 2018, med Sigmund Holte som vegvisar og kjendmann.

Vegen er merka med skilt fra Haugen i Tessungdalen og deretter med raude merke oppetter lia. Stigen er smal, men synleg i terrenget fram til ein kjem over bjørkebeltet. Her må ein skrå svakt åt venstre og peila seg mot Prestesteinen og Prestetjønn. Frå tjønna gjeng ein langsmed åsryggen nedover.

På eit punkt (sjå kartet) skrår ein ned mot høgre. Kvite band er hengt opp med jamne mellomrom ned gjennom øvste beltet med bjørk og gran, til ein er nede på traktorveg. No er ein inne på kyrkjevegen att og følgjer den ned til Moldbrekke og Solberg. Herfrå er det bilveg ned til Haugatun og bygdevegen. Frå Solberg kan ein halde fram på kyrkjevegen på den eldste vegen gjennom bygda, «Gamleveg». Den går sudover gjennom barskog eit par kilometer til ein kjem ned til Flåten og Lofthusgardane i Gauset, der ein kjem inn på bilveg att.

Alle dei gamle vegane til Atrå kyrkje er omtala i Årsskrift 2007 for Lure historielag. Og der står det slik om vegen frå Tessungdalen:

«Kyrkjevegen tek opp i sudvest ved Haugen. Ein kjem da ganske snart til den staden ved vegen der Gunnar Midtbøen vart fødd. Det er kasta opp ei lita steinrøys til minne om denne hendinga. Lengre fram kjem ein til ein staule som heiter Åsen. Og vidare opp Leiråslie til Prestesteinen («Presten») og Prestetjønne der vegen har sitt høgaste punkt. Den som skulle til kyrkje «på dagen» måtte vera tidlig oppe. Det er fortalt om ei jente frå Tessungdalen som skulle på møting for presten at ho var komen til Prestetjønne da sola rann.»

Kristin Fæhn

I tillegg til pilegrimsvandringen rundt Tinnsjøen finnes flere "gamle kyrkjeveger" i Tinn. En av disse er vegen fra Haugland (Tessungdalen) til Gauset (Atrå).

Turen starter fra Haugland (i nærheten av Gavlen Fjellhandel) i Tessungdalen og går over Haugatun (7 km) og videre til Gauset bru (4 km) på "gamal kyrkjeveg". Dette var veien til Atrå kyrkje som lenge var hovedkirken før Austbygde fikk sin egen kirke. For å komme seg til Atrå kirke fra Gauset bru må man gå ytterligere 5 km. Så det ble en lang tur til kirken i gamle dager. For oss i dag, er det bare en fin søndagstur over fjellet.

Obs: vegen er ikke skiltet !